Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Undersøking om mobbing, vennskap og trivsel skuleåret 2019/2020

Alle elevar pa 4. - 7.trinn er inviterte til å delta i ei spørjeundersøking om mobbing, vennskap og trivsel på skulen.

Undersøkinga er ein del av skulen sitt arbeid med å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle elevar på skulen i tråd med opplæringslova, kapittel 9A. Undersøkinga vil gje skulen verdfull informasjon om elevane sin trivsel og tryggleik på skulen. Den vil også gje ein peikepinn på kor godt skulen har lukkast i antimobbearbeidet sitt. lnnsamla data vil dessutan bli brukt i forskinga på mobbing og skulemiljøet, og til å vidareutvikle dei konkrete tiltaka som inngår i Olweusprogrammet. 

Skular som har innført Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial åtferd får kvart år tilbod om å gjennomføre ei spørjeundersøking blant elevane. Dette gjeld ca. 19.000 elevar ved 108 grunnskular i landet.Olweusprogrammet har som formål å redusere eksisterande mobbing i elevgruppa og å hindre framtidig mobbing. Arbeidet med å førebyggje mobbing i skulen krev langsiktig og systematisk innsats. Ein viktig del av dette arbeidet er å følgje med på utviklinga ved eigen skule gjennom årlege undersøkingar som elevane svarar på.

Undersøkinga blir gjennomført i skuletida. Elevane brukar iPad  og svarar på eit elektronisk skjema.

Elevane skaI ikkje gi opp eige namn når dei svarar på undersøkinga. Når elevane loggar seg på undersøkinga, blir dei berre spurt om dei er jente eller gut, kva for klasse dei går i og skulen sitt namn.

Elevane bestemmer sjølv i samråd med sine foreldre/føresette om dei skal delta i undersøkinga eller ikkje. Føresette kan kontakte skulen dersom dei ikkje ønsker at barnet deira skaI vere med på undersøkinga. Det er ikkje nødvendig å grunngje kvifor ein elev ikkje skal vere med på undersøkinga. Elevar kan også trekkje seg fra undersøkinga etter at den har starta opp.Elevar som ikkje deItek i undersøkinga vil  få tilbod om å gjere skulearbeid i det tidsrommet undersøkinga pågår.