Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Velkomen tilbake til elevar på 5.-7.trinn

No er ventetida endeleg over for elevar på 5.-7.trinn. Måndag 11.mai kan de byrja på skulen igjen, og me gler oss til å ta imot dykk. For at me skal få alt det praktiske på plass møter trinna slik på måndag:

5.trinn: Kl.10.00  utanfor B-bygget

6.trinn: Kl 10.00 utanfor D-bygget

7.trinn: KL.10.15 utanfor D-bygget

Foreldra vil få ei SchoolLink-melding frå kontaktlæraren med meir detaljert info om frammøte

Skulen har laga ein overordna plan for oppstarten der de vil finna informasjon om og begrunningar for dei vala me har gjort. Denne planen ligg som vedlegg i høgremargen under "Overordna planar for skulen".

Kvar skule må laga sin plan, basert på tilgjengelege rom og personale, og at me klarar å overhalda smittevernrutinane. Difor kan tilbodet som blir gitt variera frå skule til skule.

Rosseland har både nok rom og personale til å ha full skuledag, men elevane må byrja og slutta på ulike tider - av smittevernhensyn. Dette gjeld òg friminutt. 

De vil finna ei fullstendig oversikt for heile skulen i planen, men slik er oppstartstidspunkta for 5.-7.trinn:

5.trinn: Kl. 08.15

6.trinn: Kl. 08.00

7.trinn: Kl. 08.15