Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Organisering av undervisninga på 1.-4.trinn frå veke 20

No er det alt gått to veker med skule for 1.-4.trinn etter gjenopninga 27.april. Me har hatt ein gradvis og mjuk oppstart. Erfaringane er svært gode frå skulen si side, og det aller meste har gått som planlagt.

Elevane har òg denne veka vore glade og nøgde, nokre har oppdaga nye vener i klassen - og det har vore ei god og avslappa stemning på skulen. Barna har vore lærevillige, og dei har teke godt vare på kvarandre.

Frå måndag 11.mai kjem 5.-7.trinn tilbake til skulen, og me har difor måtta omarbeidd planane våre. No går alle tilbake til sin vanlege klasse, og sitt vanlege klasserom. Nokre få klassar har fått eit større rom for at det skal vera stor nok avstand mellom pultane

Skulen sin overordna plan for oppstarten er blitt revidert, og vore drøfta i skulen sitt Kvalitetsteam og i FAU. Kvar skule må laga sin eigen plan, basert på tilgjengelege rom og personale, og at me klarar å overhalda smittevernreglane. Difor kan tilbodet som blir gitt variera frå skule til skule.

Rosseland skule har nok av både rom og tilgjengeleg personale til å ha full skuledag, men trinna må byrja og slutta på litt ulike tidspunkt - av smittervernhensyn. Dette gjeld òg friminutt

De vil finna ei fullstendig oversikt over dette i planen, som de finn under "Overordna planar for skulen" i høgremargen.

Start-tidspunkta vil vera slik:

1.trinn: 08.00

2.trinn: 08.15

3.trinn 08.15

4.trinn 08.30