Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Første skuledag

Velkommen til første skuledag!

Måndag 17.august er me klare til å ta imot alle dei flotte elevane på Rosseland skule. Me gler oss til å sjå alle igjen, og til å ta imot alle som er heilt nye!  
Me startar skuleåret litt annleis enn me pleier. Dessverre kan me ikkje samla alle elevane ute i skulegården på grunn av koronasituasjonen. Me må derfor ta imot dei ulike trinna på ulike stader og til ulike tider. For oversikt over kor trinna skal møta, sjå vedlagte kart. 
Som de ser møter 1.trinn utanfor gymsalen. Her vil rektor ta imot dei i lag med lærarane på 1.trinn.  

Trinna møter til avtalt stad til desse tidspunkta:
1.trinn: kl.09.00
2.trinn: kl.08.15
3.trinn: kl.08.30
4.trinn: kl.08.15
5.trinn: kl.08.30
6.trinn: kl.08.15
7.trinn: kl.08.30 

Mvh leiinga på Rosseland skule