Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Oppdatert informasjon knytt til Covid 19, og fråver

No er me komne godt to månader ut i det nye skuleåret, og alle er glade for at me framleis har lite smitte i regionen. Dette medfører at me i utgangspunktet kan ha tilnærma vanleg skulekvardag.  Det er frå statleg hald utarbeidd ein trafikklysmodell som gjev utfyllande informasjon om kva tiltak som skal setjast i verk alt etter om ein er på grønt, gult eller rødt nivå.

 

Slik situasjonen er nå er me på gult nivå

Trafikklysmodell

For å hindra spreiing av Covid-19 er det tydelege føringar på at ein skal halda seg heime dersom ein får luftvegsinfeksjonar. Dette gjeld alle- elevar som lærarar.

Me går nå hausten i møte og det er vanleg å verta forkjøla eller få andre symptom på luftvegsinfeksjonar. Dette medfører at det på skulane kan oppstå situasjonar der det er mange lærarar, miljøveiledarar, fagarbeidarar og assistentar som er borte på same tidspunkt. Dersom det vert for mange med symptom, kan det føra til at ein ikkje har kapasitet til å organisera undervisninga på vanleg måte.

Skulane skal strekkja seg langt og først vurdera moglegheitene for å flytta på personell eller bruk av vikar for å oppretthalda undervisninga. Der dette ikkje lar seg gjennomføra vil ein kunna koma i den situasjonen at enkeltklassar eller trinn må få heimeundervisning til lærarane er komne attende på skulen.

Skulane er ulike i storleik og kapasitet, og det kan verta ulike løysingar for den enkelte skulen i Time. Dette gjeld òg for SFO. Om det skulle bli stort fråver i personalet, kan det bli reduksjon i opningstida

Det er viktig med føreseielege rammer for dykk som foreldre. Rektor vil ha dialog med Fau-leiar, og det vil bli  utforma føringar/rutinar for kvar skule, alt etter korleis situasjonen utviklar seg utover hausten.

Når skal ein testa seg og vera heime? 

Alle med nyoppståtte luftvegssymptom (inkludert sår hals eller naseforkjøling), eller som mistenker at dei er smitta av Covid-19, bør testa seg. Ein skal vera heime fram til negativ test føreligg og ein er i god form. Ein treng altså ikkje vera heilt symptomfri så lenge testen er negativ. Dersom ein vert heilt symptomfri før testsvaret føreligg, kan ein gå på skule/jobb. 

Barn i barnehage og barneskule med lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå an symptoma heime eit par dagar før testing. Ved rask betring kan dei gå tilbake til barnehage/skule utan å testa seg. Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, behøver ikkje haldast heime eller testast.