Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Hugs å låsa sykkelen!

Forskargruppa har sjekka sykkelparken i skulegården
Fredag 4.september var Forskargrupp ute for å sjekka sykkelparken på skulen. Me vart ganske "øvejidde" over alle syklane/sparkesyklane som ikkje var låste! Fleire av dei ulåste syklane hadde låsen berre hengande på styret eller ramma. Mange snakkar om at syklar/sparkesyklar forsvinn frå skulen sitt område på dagtid. Denne dagen hadde det vore veldig enkelt å ta med seg ein ny sykkel, om du var ein tjuvradd på tur. Forskargruppa vil oppfordra alle til å låse sykkelen den tida du er på skulen.
Main Image
Bilete 1 av 5