Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Informasjon om rettleiande inntaksgrenser når ny ungdomsskule i Vardheia opnar hausten 2021.

Hausten 2021 vil den nye ungdomsskulen i Vardheia vera klar, og det vil då vera to ungdomsskular på Bryne. Det pågår for tida ein prosess for å avgjera korleis inntaksgrensene for desse skulane skal vera. Dette vil bli avgjort av kommunestyret i møte 27. oktober.

I etterkant av dette vil me senda ut informasjon om vedtaket.   Inntaksgrensene er rettleiande; det vil seia at det er mogleg å søka seg til den andre skulen om ein ønsker det. Kapasiteten ved skulane vil vera avgjerande for om slike søknadar vert innvilga. Fristen for å søka om dette vil vera 19. november, og me kjem tilbake med meir informasjon om korleis ein kan søka i etterkant av kommunestyremøtet.

Elevar som no går på 8. trinn på Bryne ungdomsskule, og 7. trinn på Rosseland og Bryne skule vil bli fordelt på dei to ungdomsskulane. Dei elevane som no går på 9. trinn på Bryne ungdomsskule vil fortsetta der neste skuleår.

Ny informasjon blir lagt ut så snart det ligg føre