Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Halloween-feiring

Årets skumlaste kveld nærmar seg! Men korleis kan me få det både skummelt og trygt på ein gong?  Folkehelseinstituttet anbefalar å finna alternative måtar å feira Halloween på i år. Dette kan for eksempel vera skattejakt, rebusløp eller liknande i lag vener/familie som ein vanlegvis er i lag med.  

Det er også mogleg å gå den tradisjonelle knask eller knep runden for dei som ønsker det, men då er det viktig å følga Folkhehelseinstituttet sine råd for dette. 

Generelle smittevernråd for Halloween:Ingen sjuke skal delta.Hugs reine hender og god hostehygiene.Følg gjeldande forbod og råd om antall personar som kan vere samla der du bor.Finn gjerne alternative måtar å feira halloween på i år, for å begrensa antall kontaktar. Skattejakt, rebusløp og liknande er gode alternativer til «knask eller knep». 

Arranger gjerne halloween-fest for klassen, barnehageavdelinga, vennegruppa eller andre faste kohortar. Følg i tilfelle dei samme råda som for bursdagar.

Bruk ferdiginnpakka snop.Ikkje del halloween-sminke med andre enn dei du bur med. 

Du kan gå «knask eller knep» viss du følger desse råda:Både dei som ringer på og dei som opnar døra må vere friske.Gå i små grupper og med dei du er saman med til vanleg.Hold avstand til andre grupper viss det blir kø framfor enkelte hus.

Den som opnar døra, er den som delar ut snop.

Hugs reine hender, eller bruk skei/pølseklype.

Vent med å eta snopet til runden er ferdig og du har fått vaska/sprita hendene.

 Ikkje del snop.

Ha gjerne ein vaksen med på runden: dei kan passa på både smittevern og trafikk i mørkret!

Du kan lesa om FHI sine råd for Halloween-feiring  her