Meny
Velg seksjon Framside
Artikkel
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Rettleiande inntaksgrenser for ungdomsskulane på Bryne

27.10.2020 gjorde Time kommunestyre vedtak om rettleiande inntaksgrenser for kva ungdomsskule elevane skal høyra til frå skuleåret 2021.

Dei vedtekne inntaksgrensene kan de sjå ved å gå inn på vedlegget om rettleiande inntaksgrenser

Elevar som har adresse tilhøyrande det grøne området skal gå på Vardheia ungdomsskule. Elevar som går i det lilla området skal gå på Bryne ungdomsskule.

Ein kan forstørra kartet slik at ein kan sjå namna på gateadressene.

Informasjon til føresette

Det vil innan 30. oktober bli sendt informasjon til føresette på 7. trinn på Hognestad, Bryne og  Rosseland skule, og 8. trinn på Bryne ungdomsskule, om kva skule dykkar ungdom skal gå på.

Fritt skuleval

Det er fritt skuleval i Time kommune. Dette betyr ein kan søkja plass ved anna skule enn den eleven høyrer til ut frå inntaksgrensene. Søknadsfrist for dette er 19. november.                                                                                          

Søk direkte via denne lenka

Retningslinjer finn du òg som vedlegg til denne artikkelen