Meny
Velg seksjon Framside
Artikkel
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gledespatruljen førebur rekordmange julebesøk.

Tida mot jul går fort!

Gledespatruljen gjer seg klar for rekordmange julebesøk.

Gledespatruljen har fått inn rekordmange tips om folk me kan gleda denne jula.

Me er glade og audmjuke over å ha fått inn så mange tips. Jobben med å handla inn gåver og henta sponsorgåver er i gang for lenge sidan.

Det er stort engasjement blant folk som vil vera med å støtta opp om arbeidet med prosjektet som fyrst og fremst handlar om å "våga å bry seg". Ein bonus er at elevane som er med på jobben, kjenner på kor lett og udramatisk det er å gleda andre. 

Årets julebesøk vert gjennomført onsdag 16.desember. Ei gruppe elevar frå 7.trinn har ansvaret for jobben med å dela ut julekorgene.

Før det skal det lagast handskrivne kort. Innhaldet i korgene vert tilpassa den einskilde mottakar. Me har mottakarar frå 3 - 93 år.

Dette året er Gledespatruljen i ein lykkerus! Me har fått inn pengegåver, så mykje som me aldri før har hatt. Dette gjer oss ein herleg friheit til å handla inn ting som kan vera til nytte, glede og hjelp for andre. Pengegåvene kjem både frå privatpersonar og samarbeidspartnarar i næringslivet. Ekstra stas var det då det i haust vart arrangert ei golfturnering på Jæren Golfklubb, der heile inntekta gjekk direkte til Gledespatruljen. 

Me klarer aldri takka nok for alt me får sponsa og for alle som er med å hjelper til med å gjera dette magisk.

Det å få gåver levert på døra, er faktiskt himmelhøgt verdsatt, då det elles vert brukt mykje tid på å køyra og henta.

Gjengen på 7.trinn gler seg til å gjennomføra årets julebesøk. Me tek smittevern på alvor og har funne ein god måte å gjennomføra besøka på.

Lurer du på noko som handlar om Gledespatruljen, ikkje nøl med å ta kontakt med Unni

Sjå bilete i vedlegg til høgre.