Meny
Velg seksjon Framside
Artikkel
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
God helse

Helsesjukepleiarane vil iløpet av dei neste vekene koma innom klassane å ha undervising i god helse. Høgde og vekt blir også teke av den enkelte.

Undervininga vil handla om korleis me kan ta vare på kroppen vår, kva som er bra for den fysiske og psykiske helsa vår. Me kjem innom både kosthold, aktivitet, søvn, hygiene og psykisk helse.

Både venner, trivsel, kosthald, søvn og fysisk aktivitet verkar inn på yteevna og helsa. Det er viktig at de vaksne er vare for korleis barna har det. Å kjenna at ein har venner, at ein meistrar oppgåver og kjenner seg verdfull, er grunnleggjande behov. Desse er det først og fremst de foreldre som må fylle. Ta tid til å ha barnet på fanget kvar dag. Vis interesse for kva barnet har gjort og er oppteken av. Finn noko ved barnet som du kan kommentera positivt.

Helsesjukepleiar ønskjer å samarbeida med barna, foreldra, lærarane og elles gjennom ressursteama på skulen. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller bekymringar når det gjeld helsa og trivselen til barnet ditt.   

 

Vekt og høgdeutvikling gir ein peikepinn på barn og unge si utvikling og trivsel.

For å sikre god oppfølging av den enkelte og for å følge med utviklinga i barne- og ungdomspopulasjonen, har Helsedirektoratet anbefalt rutinemessige målingar av høgde og vekt på gitte alderstrinn. I skulehesetjenesta gjer med dette i 3 og 8 trinn.

For meir informasjon https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/nasjonal-faglig-retningslinjer-for-veiing-og-maling-i-helsestasjons-og-skolehelsetjenesten

Etter målinga vert tala sett inn i eleven si vektstkurve for å samanlikne med tidlegare målingar. Målingane seier ikkje noko om kroppsbygning, muskelmasse eller feittprosent.   Dersom det er store avvik vil helsesjukepleiar ta telefonkontakt med foreldre/føresette etter målinga. Det kan være viktig å snakke med foreldre/føresette for å få eit heilt bilete og vurdere vidare oppfølging.  

Måling av høgde og vekt er eit frivillig tilbod. Eleven må ha med seg ein skriftleg beskjed med foreldre/føresette si underskrift dersom ein ynskjer å reservere seg frå målingane.

 

Mvh

Helsesjukepleiara Rossalnd skule

Bjørg Nina Lunde og Bente Bjorland

Telefon 51773687 / 51776236