Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gledespatruljen skal snart på sommarbesøk

Tips oss!

Gledespatruljen på skulen skal snart på sommarbesøk.

Me gler oss nok ein gong, til å spre glede til menneske i nærmiljøet.

Gledespatruljen har midler til å kjøpa inn fine, nyttige og gode gåver til dei me skal besøka.

No treng me tips til folk me kan gleda.

Tips oss gjerne om du kjenner eller har høyrt om nokon som av ulike grunnar kan ha glede av ei lita oppmuntring i kvardagen.

Det kan handla om einsemd, sjukdom, pårørande, ulike sosiale vanskar eller andre utfordringar.

Me vil og gje ein klapp på skuldra til personar som er flinke til å bry seg om andre. Som stiller opp og gjer livet enklare for dei som treng det. Kanskje du veit om ein ekte kvardagshelt?

Send gjerne tips til: unni.einarsen@time.kommune.no

Alle tips vert behandla anonymt.

Gledespatruljen har fleire Gledessponsorar. Dette er med på å gjera korgene magiske. Vil du vera med på dette, ta kontakt om du lurer på noko.