Me vil
oppfordra dykk foreldre til å ikkje køyra barna til skulen. Barn treng både
frisk luft og mosjon!
Dessutan
slepp me trafikkfarlege situasjonar i Dronning Maudsgate. Når mange køyrer her
om morgonen, blir det fort kaos i gata. Det hindrar dei som bur i gata å
koma ut frå eigendomane sine, og skapar farlege og uoversiktlege situasjonar
for barn som kjem syklande og gåande til skulen. Dette blir absolutt ikkje
betre når det no byrjar å bli mørkt om morgonen. Ingen må køyra inn på plassen
foran gymsalen.
Om nokon
absolutt må køyra nokre gonger, kan de heller stoppa langs kunstgrasbanen i
Kong Haakonsgate, eller ved tennisklubben og setja av barna der.
Me ber alle om å respektera dette, til beste for alle partar!