Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<august 2025><<
august 2025
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Avslutningsfest for 10.trinn

Onsdag 18.juni samla elevar, føresette og tilsette seg til ein høgtideleg og varm avslutningsfest for 10. klasse. Det blei ei flott markering av tre innhaldsrike år på ungdomsskulen – og starten på eit nytt kapittel for ein kjekk og samansveisa gjeng.

Ordføraren heldt ei inspirerande tale til avgangselevane og delte ut bygdeboka som gåve frå kommunen. Kontaktlærarane Vegard og Anna rørte både elevar og foreldre med personlege og humoristiske taler, og Benjamin skapte ei høgtidsstemning med vakker fiolinmusikk.
Simen og Sofie leia kvelden som konfransierar med tryggleik og glimt i auga – ein jobb dei løyste med stil! Elevane stilte ut imponerande arbeid frå kunst og handverk, og det var tydeleg at mykje kreativitet og innsats har prega det siste halvåret.
Ingen fest utan god mat: Bjørg hadde laga smakfulle tacobagettar til alle elevane, og kakebordet bugna av fantastiske kaker frå føresette og elevar.
Vi takkar for ei fin tid saman, og ønskjer kvar og ein av dykk lukke til vidare på vidaregåande! 
Main Image
Bilete 1 av 23