Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2026><<
mai 2026
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Urfolksveke

Denne veka har me hatt urfolksveke på skulen, frå måndag til torsdag. Me gjekk bort frå den vanlege timeplanen og delte elevane på tvers av trinna i åtte grupper. Alle grupper rullerte gjennom åtte ulike økter der dei fekk lære om urfolk på ein variert og praktisk måte.

Elevane fekk mellom anna prøve seg på joik i musikk, arbeide med oppdrag i Sametinget gjennom Minecraft, og delta i ei spennande naturløype i utegruppa. På kjøkkenet laga dei den samiske reinsdyrgryta Bidos, i gymsalen løyste dei oppgåver i eit stort escaperoom, og på verkstaden fekk dei lage duodji‑inspirerte produkt. Ei av gruppene arbeidde også med historie, fornorsking og korleis urfolk har vore påverka gjennom tidene.
Det har vore ei lærerik og engasjerande veke der elevane har vore motiverte, nysgjerrige og samarbeidd fint på tvers av trinna. Me står igjen med mange gode opplevingar – og litt meir kunnskap om kulturar som er viktige å verne om.
Main Image
Bilete 1 av 20