Hurra!
I veke 6 deltok Sand skule i kvalifiseringsrunde til International Language Competition Norge. Fleire elevar på ungdomsskulen representerte skulen vår i ILC denne våren. Sand skule gjekk suksessfullt vidare til Semifinale, på grunnlag av dei fem høgaste resultata!
Semifinalen skal føregå i veke 11, og to elevar skal representera skulen. Me heiar på ungdomane våre og ønskjer dei masse lukke til!
ILC er ein språk- og kulturkonkurranse i engelsk, tysk og spansk for ungdomsskular og vidaregåande skular. Primære formål med konkurransen er å auka interessa for å skaffa seg kunnskap om kulturelle aspekt, historie og generelle relevante forhold i dei landa der målspråket blir snakka, og oppmuntra ungdommar til vidare språkstudier. Elevane vert utfordra på ferdigheiter i grammatikk, vokabular, kulturkunnskap, lytteforståing og interaksjon.