Trivselsleiarane på skulen vår hadde ei kjekk Takk for innsatsen- dag med trivselsleiarane fra Storebø Skule.
Vi starta dagen med å gå opp sherpatrappene, vidare til Kongsgravene, til masta og ned att til skulen. Vi klarte å velje den varmaste dagen i Bekkjarvik så langt i år, så det blei ein varm og sosial oppleving. Vi avslutta med eit deilig pizzamåltid nede på Smakeriet. Tusen takk for innsatsen- alle TL`ar!