Meny
Velg seksjon 3.-4.klasse
Sjernarøyvegen 898 4170 Sjernarøy
Telefon: 51712040 Send e-post til oss
Redaktør: Alice Helgøy
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

I dag har alle elevar på oppvekstsenteret fått utdelt eit kort med påtrykt namn. 

Dette kortet gir gratis inngang for eleven + ein vaksen til fleire av symjehallane i kommunen. Namn på kva symjehallar kortet gjeld i, står bak på kortet. Opningstida til symjehallen finn de på nettet. 

Ta godt vare på kortet og bruk det mykje!   


På Stavanger kommune si heimeside ligg det informasjon om søknad elevpermisjon. Dette skal no gjerast elektronisk. Det ligg og hyperlenke ute. 

For alle barn, foreldre og tilsette vil kvardagane framover vere annleis enn til vanleg. Barnehagane og skulane skal drive i tråd med ulike krav om smitteverntiltak frå helsemyndigheitene. Tiltaka er knytt til hygiene og redusert kontakt/avstand mellom personar. For å organisere dette på ein god måte, er det derfor framleis behov for at opningstidene er noko avgrensa.

Barn som har foreldre med samfunnskritiske funksjonar vil framleis, ved behov, ha høve for eit tilbod innafor ordinær opningstid. 

Skole og SFO

1. til 4. trinn ved vil følge ordinær timeplan, men med nokre endringar i.f.t. innhald i timar/fag. Morgon-SFO går ut dei første to vekene, men SFO er open etter skuletid og til kl. 16.00.

SFO vil så langt det er mogleg, ha ordinær opningstid frå og med 11. mai.

Barnehage

For å sikre tid til ein trygg og god overgang til ordinære opningstider for barna og dei tilsette, vil opningstida frå  09.00- 15.00 også gjelde for neste veke, dvs. 27.-30.mai. Ein halvtime før og etter kan brukast til levering og henting også denne veka.   

Barnehagen vil så langt det er mogleg, innføre ordinære opningstider frå og med 4. mai.


Her kjem litt normal informasjon i desse unormale tidene!Søknadsfrist for SFO til hausten er 15.april. 

Her er link til Stavanger kommune si informasjonsside.