Meny
Velg seksjon Framside
Milja allé 9 5593 Skånevik
Telefon: 53758520 Send e-post til oss
Redaktør: Anne Lise Huneide
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gå til Its Learning
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2020><<
januar 2020
mtotfls
30310102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
jan
20
2020
4.klasse reiser til Etne på symjeundervisning.
kl 9:00-12:00
jan
22
2020
1.-4.klasse har fri.
kl 8:30-14:00
jan
22
2020
TL kurs i Etne.
kl 9:00-13:30
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Ølen vgs.

Ute til høgre under diverse dokument folderen finn de informasjon om auke av betalingssats i SFO. Dei nye satsane er gjeldande frå 01.02.2020. 

Vil du kombinere sommarleg bølgeskvulp i Hellas med å utvida den mentale horisonten? Vil du treffe folk frå andre land gjennom skapande samarbeid? Vil du fordjupa deg i faget ditt og samstundes læra noko heilt nytt? Vil du delta i eit innovativt internasjonalt forskingsprosjekt og samstundes få verda inn i klasserommet på heime-skulen din? (Og eta knallgod pizza til lunsj?) Dersom svaret på alle desse er ja, les vidare.

GSO4SCHOOL har opplæring i STEAM**-metodikk og har eit kurstilbod innan tverrfagleg undervisningsprosjekt innan naturfag og kunstfag. Dei to fagområda har mykje felles, og samarbeidet kan styrka begge faga. Sjølve implementeringa kan og inkludere samarbeid med andre fagområde, som engelsk)

HVL samarbeider med partnarar frå 5 land om dette forskningsprosjektet. Gjennom ei veke med aktiv læring, får ein pratisk erfaring med Global Science Opera (GSO)-metodikken. Sjå vedlagt link til nettside med informasjon om innhald, program, kursstad, korleis ein kan søkje finansiering, med meir: http://gso4school.ea.gr/

Du kan søkje til HVL om å få delta i sjølve forskingsprosjektet. Alle utgifter vil då bli betalt av HVL, og du forpliktar deg til å gjennomføre eit tverrfagleg undervisningsopplegg i tråd med det du har lært på sommarskulen i løpet av det komande skuleåret, samt dokumentere prosessen**. Dersom du ynskjer ei friare tilnærming, kan du enten søkje støtte frå EU (sjå link) eller andre stadar etter ynskje.

Ved søknad om gratis kurs (inkludert reise, kort og losji***), skriv søknad til jro@hvl.no - seinast innan 10. januar 2020. Ved interesse, ta gjerne kontakt før.  

Ved spørsmål, ta kontakt med Janne Robberstad, kontaktinfo nedanfor.

Med venleg helsing, 

Janne Robberstad

(* STEAM - Science, Technology, Engineering, Arts and Mathematics) (** implementeringa kan ha ulik lengde og omfang, men vil ende med eit bidrag til årets GSO-opera. I tillegg er du som lærar ansvarleg for å svare på ulike spørreskjema før, under og etter implementeringa, samt å dokumentere elevane sin læringsprosess. Dette får du meir informasjon om) (** rimlegaste kollektivtransport, flytur bestilt gjennom HVL, 6 netter på 2 eller 3-manns-rom ved Golden Coast Hotel and Bungalows i Marathonas, frukost, lunsj og middag alle dagar. Ekskursjonar er ikkje inkludert)

Janne Robberstad Assistant professor, Western Norway University of Applied Sciences: www.hvl.no Production manager, Global Science Opera: www.globalscienceopera.com Coordinator, Erasmus+ Strategic Partnership "Creativity, Art and Science in Primary Education (CASE)" http://www.project-case.eu Coordinator, Erasmus+ Strategic Pertnership "GSO4school" Mobile: +47 952 45 462

 


Onsdag 8. januar 2020 kl. 18.00 - 21.00 på skakkesenteret.

Lussekattar

GRUNNSKULEN I ETNE KOMMUNE  

Det vert innskriving av elevar i 1. klasse for skuleåret 2020/2021 på desse skulane:   

Skånevik skule: 4. desember kl. 09.00  

Enge skule: 27. november kl. 09.00

Alle born i Etne kommune som er fødde i 2014 eller før, og som ikkje har byrja på skulen, skal skrivast inn.  

Det kan godkjennast utsett skulestart med eitt år etter søknad frå foreldra/føresette. Like eins er det høve til å søkja om framskoten skulestart med eitt år dersom barnet fyller 5 år innan 1. april 2020. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering frå PPT.  

Søknadsfrist for utsett og framskoten skulestart er 1. januar 2020.  

Påmelding til skulefritidsordninga (SFO) skjer ved søknad på heimesida til Etne kommune. Ein kan søkja frå 15. januar 2020. Søknadsfrist er 1. mai 2020.  

Velkommen til skulane i Etne kommune!