Fravær ved sjukdom
Publisert: 28.08.2020 11:34 Sist endra: 23.11.2020 08:56 Forfattar: Siri Elisabeth Ness
NÅR SKAL BORNA HALDAST HEIME?
På
grunn av aukande usikkerheit har me på skulen og i barnehagen prøvd å lage
tydelege retningslinjer, saman med kommuneoverlegen:
Born skal være heime når dei har minst
eitt luftvegssymptom, som rennande nase, sår hals, hoste, feber, tapt lukt og
smakssans og/eller sjukdomskjensle.
Born over 10 år bør testast så snart
som mogleg.
Born under 10 år kan sjå det an i 1
til 2 dagar, før dei bør testast. Om borna vert friske innan 2 dagar, kan dei
komme tilbake på skulen.
Ved allergi eller kronisk rennande
nase, ta kontakt med skule/barnehage.
Ved negativt testresultat kan borna
komme tilbake på skule/barnehage, om allmenntilstanden elles er god.
Me
håpar på forståing for at det kan bli nokre ekstra telefonar frå barnehage og
skule, då me må nytte «føre var» prinsippet, for å beskytte alle borna. Med god dialog mellom foreldre, barnehage og
skule skal me få dette til.
Er
du eller borna sjuke, og det vil teste dykk, ring 53 65 60 43, teststasjonen i
Ølen. Er du i tvil, ta kontakt med fastlegen.