Sjå vedlegg info om SFO sitt tilbod!
SFO er eit tilbod til alle barn på 1.-4. årssteg og for born med særskilte
behov på 1.-7. årssteg.
Born som allereie har plass, treng ikkje søkja
på nytt.
Hovudaktiviteten er i første rekkje leik ute og
inne, lesing, spel, samtalar og spontane aktivitetar.
Ein kan søkja heile året, men kvart år vil det
vera ein frist 1. mars med omsyn til eit hovudopptak ved skulestart i august.
Born som har fått
plass, har plassen til dei går ut av 4. klasse dersom han ikkje vert sagt opp.
SFO ved Enge Skånevik skular er opne frå 1. august til utgangen av
juni.
Søknadsfristen for
hovudopptak er 1. mars
Evt. nærare opplysningar får du på skulane eller i resepsjonen på
Tinghuset.
Ein søkjer om plass
ved å logga seg på: https://skole.visma.com/etne/ via ID-porten.
Evt. endringar eller oppseiing gjer ein også på same nettsida.
Opningstida i SFO er slik (Tidene er tilpassa
småskulen si undervisningstid):
Enge skule:
Måndag, tysdag, torsdag
og fredag: 07.00 – 08.45 og 14.30 – 16.30
Onsdag: 07.00 – 16.30
Skånevik skule:
Måndag, tysdag, torsdag
og fredag: 07.30 – 08.20 og 13.50 – 16.15
Onsdag: 07.30 – 16.15
Vedtekter
Redusert foreldrebetaling
Nullmobbing