Meny
Val av side Framside
Besøksadresse: Svilandsveien 211, 4337 Sandnes Postadresse: Postboks 583, 4302 Sandnes Vis på kart
Telefon: SFO: 954 50 036 Send e-post til oss
Redaktør: Tore Lunde
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Om bruk av chromebook

Chromebook er eit fantastisk læringsverktøy, men som alle verktøy kan dessverre det også bli brukt til feil ting. Eg har fått melding frå fleire føresette som har oppdaga at deira born har vore inne på ulike chatte-sidar. Her kan ein treffe likesinna mennesker, men dessverre også personar som utgjer seg for å vere noko anna enn det dei er. Eg ber dykk sjekke med ungane dykkar, og om å ta ein prat med dei om dette.

Personvernforordningen gjer at det er 13-årsgrense for sosiale medier. Nettjenester har ikke lov til å samle inn personleg informasjon om barn under 13 år utan dykkar foreldres samtykke.  Når det gjeld Google, så er også der aldersgrensa 13 år for å administrere eigen konto, det er difor dykk har signert ein avtale med skulen for bruk av chromebook i undervisninga.

Viss elevane skal ha ein privat Google-konto, vil eg anbefale Google Family Link, som gjer føresette mogelegheit til å administrere Google-kontoen til barna.  

Eg har blitt spurt av fleire om nettfilter og andre sikkerhetstiltak, og eg gjer dei tiltak eg har tilgjengeleg, til dømes sikkert søk på Google. Det finst dessverre ingen mogelegheit for å sikre systemet 100%, difor er det så utroleg viktig at dykk føresette følgjer med og pratar med borna dykkar om nettvett og kritisk dømekraft.

Her er nokre nettsteder som kan vere til informasjon og hjelp:

<Barneombudet-sosialemedier-nettvett>  <medietilsynet-sosialemedier>  <Google_Family_Link>

Ta gjerne kontakt med oss viss dykk har innspel eller spørsmål.

Venleg helsing

Trond Fossum

Rektor

Sviland skule