Meny
Val av side Framside
Artikkel
Besøksadresse: Svilandsveien 211, 4337 Sandnes Postadresse: Postboks 583, 4302 Sandnes Vis på kart
Telefon: SFO: 954 50 036 Send e-post til oss
Redaktør: Tore Lunde
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Progresjon nytt skulebygg

Då er vi i gang med byggeprosessen.

Dykk vil sjå at entreprenører har starta å sette opp byggegjerde. Dette er for å gjere klart til byggetrinn 1. Vedlagte PDF visar fyrste del som er januar og februar. Då ordnar dei til brakkerigg, AV og nytt område for av- og påstigning. Så vil det i mars bli eit byggegjerde som skal vara fram til skulestart 2021, då den nye skulen etter planen er klar. Deretter blir det slik som i det siste biletet i PDF som visar byggegjerdet for gymsalen og garderobar. 

Vi vil sette opp eit kamera som tar bilete av byggeprosessen. Eg kjem tilbake med meir info om dette etter kvart. Då er tanken at ein kan følgje bygginga frå time til time. Og til slutt kan vi bruke biletene for å lage ein timelapse-video av bygginga. Det trur eg blir kult!

Det er Skanska som er totalentreprenør, og dei vil ha jamnlege byggemøter med oss på skulen for å sikra gode rutiner for ein sikker byggeplass. Eit av dei fyrste tiltaka er at dei i løpet av januar vil ha samlingar med elevane om sikkerheit. 

Som dykk ser på biletene vil skulens uteareal vere begrensa i denne perioden. Difor vil vi i løpet av januar justere organisering og tenkje alternativt for å kunne sikre alle elevar eit godt tilbod i friminutta.

Venleg helsing rektor