Første trinn feira at dei har gått 100 dagar på skulen med ein skikkeleg 100 dagars fest , måndag 25 . januar!
Vi starta feiringa av dagen med at alle elevane fekk ta på dei flotte kronene som var sjølvlaga til festen. I klasserommet hadde vi ulike aktivitetar der vi talte til 100. Vi fann 10 gonger 10 ulike ting som vi la på bordet i eit gruppearbeid. Det blei spela eit spel som heitte : Første mann til 100. Vi hadde gym med ulike 100 leikar og vi laga smykke av 100 kjeks!
Eit rom var pynta med 100 ballongar , 100 muffins og 100 koppar. Det var gøy å sjå på utstillinga som viste flasker som inneheldt 100 ting .
Det smaka ekstra godt med muffins og saft denne dagen.