Meny
Velg seksjon Framside
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Ryfylkevegen 1927 4120 Tau
Telefon: 51742700 Faks: - Send e-post til oss
Redaktør: Katrine Fjelde Amdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Refleksvestkonkurranse

REFLEKSVESTKONKURRANSE

Tau skole tar mørket på alvor og set i gang ein refleksvestkonkurranse i dei mørkaste vintermånadane dette året også. Vi ønskjer at alle våre elevar skal ferdast trygt i trafikken og meiner at det er refleksvesten som gjer den beste jobben med å gjere dei synlege.

Konkurransen føregår som følgjer:
Konkurransen startar 6.desember og varer fram til fredag 25.februar.

Det er berre refleksvest som er gyldig.
Refleksen må vere på heilt til læraren har registrert eleven inne i gangen.
Lærerane tel ikkje refleksar kvar dag, men har satt opp faste «hemmelege» dagar der elevane vil bli talde. 

Konkurranse for klassane pr. månad: 
Den eleven med flest registrerte dagar med refleksvest på, vinn ein kinobillett. Det blir loddtrekning dersom fleire har like mange dagar.
Det kjem til å bli ei trekning i desember, ei i januar og ei i februar.


Konkurranse for alle heile perioden: 

Når refleksvestkonkurransen er over i slutten av februar, kårar vi beste elev og beste klasse samanlagt. 
Beste elev på trinnet vinn ei bok.
Beste klasse prosentvis vinn ein kosetime med pizza.

LUKKE TIL