Individuell opplæring:
Alle som går på instrument eller solosong har i utgangspunktet ein individuell resurs på 20 minutt undervisning pr. veke. Det betyr ikkje at undervisninga er aleinundervisning. Kulturskulen legg vekt på samspel og samarbeid. Derfor vil mange av elevane gå fast i små grupper med lengre undervisningstid, eller ha fleksibel timeplan. Ein har då ein rullerande timeplan som veksler mellom individuell time og gruppetime.
På denne måten meinar vi i kulturskulen at eleven får best individuell tilpassa opplæring.
Gruppeundervisning:
"Musikk fra livets begynnelse" (føresette er med på timen)
Regnbuen
Bankers
Korgruppe
Samspel, orkester og band:
Kulturskulen har band som øver kvar veke.I tillegg har vi prosjektbaserte band. Desse vert sett saman av elevar som spelar ilag i periodar.
Kulturskulen har fleire veker i året der samspel er spesielt i fokus.
Orkester/samspel er på ulike vekedagar, også enkelte helger. 2 grupper har faste øvingar. Alle avtalar med læraren sin kva type samspel dei er med på.
Alle får opptre på ulike konsertar, førestillingar og speleoppdrag.
I samspel kjem elevar ilag på tvers av instrument, alder, klasse og skulekrets.Slik mange som har fått nye venner!! Eller du får musisert ilag med venner du allereie har.
I seksjonsmenyen til høgre på nettsida finn du meir om dei ulike musikkfaga ved kulturskulen.