
Nedanfor finn du svar på nokre aktuelle spørsmål du kanskje har om Kulturskulen. Du er likevel alltid hjarteleg velkommen til å ta kontakt for ein eventuell telefonsamtale.
Kva kriterier legg kulturskolen til grunn ved opptak?
Søkjaren må bu i Time kommune og vera mellom 0 - 19 år. Det kan, dersom det er ledige plasser, bli gjort enkelte unntak. Det er venteliste på alle fag og vi har derfor dessverre ikkje kapasitet til å gje plass til alle på den tida søknaden vert sendt inn. Vi ber om at de har litt tolmodighet og stadfester at alle etterkvart vil får tilbod om undervisning. Kor lenge de må vente kan variere noko frå fag til fag og avhenger av kor lang ventelista er.
Er det mogleg å få plass på fleire disiplinar?
Ja, ein kan f.eks. gå både på dans, drama og piano. I visse tilfeller kan det vera moleg å få tildelt meir enn ein instrumentalplass. Vi prioriterer i første omgang å kunne gje tilbod til dei som ikkje har elevplass frå før.
Kva for tilbod har skulen og kva koster det?
På framsida kan du på høgremenyen (velg seksjon) sjå våre ulike undervisningstilbod innen musikk, dans, drama, kunstfag og skapende skriving.
Priser finn du under "Meny" - Informasjon - Prisoversikt.
Når får eg vite om mitt barn har fått plass?
Dei som får plass frå hausten av, får melding om dette innen 20. juni. Søkjarar som blir ståande på venteliste, vert kontakta etter kvart som der blir ledige plasser i dei aktuelle disiplinane.
Når er det søknadsfrist for å søkje om plass?
Ein kan søkje heile året. Frist for hovudopptaket er ca. 1. mai.
Kva er nedre aldersgrense for å søkje om opptak?
Det er ulike aldersgrenser for dei ulike undervisningstilboda. Du kan søkja om plass, og får søkerdato, frå det året du fyller kriteria for det faget du søkjer.
Korleis er prosedyren ved søknad og opptak?
På framsiden finn du link til det elektroniske søknadsskjemaet som skal brukast.
Kor lenge blir ein ståande på venteliste viss ein ikkje kjem inn?
Dette varierer litt av kvifor ein disiplin ein har valgt. Fleire fag kan ha ledige plasser og du kan kan tilbydd ein plass umiddelbart. Erfaringsmessig er det lengst ventelister på gitar, piano, slagverk og song.
Korleis blir elevane tekne opp frå ventelistene?
Hovedkriterium for opptak er søkjerdato. Opptak i løpet av året vil også avhenge av kva slags plassar som blir ledige.
Er det mulig å leie instrument, og hva koster det?
Vi leier ut fiolin, fløyte, klarinett og trekkspel i startfasen av instrumentalundervisninga. All informasjon om instrumentleie finn du under fanen Meny - Informasjon - Prisoversikt
Kor føregår undervisninga?
Elevane i kulturskulen er frå alle dei fem skulekrinsane. Me har hovudbase for undervisninga på Bryne skule, men noko pianoundervisning skjer også på Undheim, Frøyland og Lye skule. Kunstfag skal ha ei prøveordning skuleåret 2015-2016 med 1-2 grupper på Frøyland skule.
Kor lenge beheld ein plassen i kulturskulen?
Innmelding er forpliktande til skriftleg oppseiing er motteke på epost av administrasjonen. Lærarar kan ikkje motta utmeldingar. Utmeldingsfrist 1. mai (haust) og 1. desember (vår)
Må me søkja på nytt kvart år for å behalda plassen?
Du må bekrefta at du vil behalda plassen for nytt skuleår og dette blir gjort via vår nettside. Alle får varsel på sms og epost om dette i god tid. (Gjeld frå våren 2016)
Når er fristen for utmelding?
Avtalen er økonomisk bindande for kvart semester og opphøyrer først når skriftleg utmelding er motteken av kulturskulen si administrasjon. Utmeldingsfrist for komande vårsemester er 1. desember og for komande høstsemester 1. mai. Eleven er automatisk påmeldt til vårsemesteret viss ikkje skriftleg utmelding foreligg innen fristen. Lærarar kan IKKJE motta utmeldingar. Ved for sein eller manglande utmelding vil skulen krevje semesterkontingent for det kommende semester.
Re-registrering:
Alle elever må re-registrere seg innen 1. mai for å behalda elevplassen eller ventelisteplassen til komande skuleår. Re-registrering foregår normalt i april, og informasjon om dette blir sendt samtlige på epost. (Gjeld frå våren 2016)
Er det molig å bytte disiplin?
Da må ein i så fall søkje, og man får ny søkjerdato på ventelista.
Er det moleg å bytta lærar?
Kun etter skriftleg søknad, og viss ønska lærar har ledig plass.
Når starter skolen etter sommerferien?
Me følgjer skuleruta til skulane (sjå vedlegg)
Følgjer kulturskulen grunnskulen si skulerute?
Ja, men med visse tilpasningar. Desse vert alltid publisert i god tid på heimesida. Grunnskulens si skulerute finn du på under vedlegg til høgre.
Kan ein søkje om permisjon?
Ja, men dette skal gjerast skriftleg direkte til kulturskulen sin administrasjon. Ved permisjon i eit heilt skuleår, er ein sjølv ansvarleg for å kontakte skulen seinest innen 1.5. for å bekrefta at ein kjem tilbake, ellers vert elevplassen automatisk sletta. Permisjonar vert kun innvilga ved flytting frå kommunen, eller ved dokumentert langvarig sjukdom.
Når blir informasjonsmøter gjenomførde?
Nokre lærarar held informasjonsmøte i forkant av timeavtalen, ellers sendes viktig informasjon som sms og epost. Vi forutsett derfor at alle brukarar held oss oppdatert ved endring av adresse, epostadresse og mobilnummer.
Når er det foreldresamtaler?
Det skal vera årlege målsettings- og foreldresamtaler mellom lærar, elev og føresette. Lærarane kaller inn til desse.
Korleis kontaktar eg læraren?
Du finner epost og mobilnummer til alle på hjemmesiden på Meny- OM OSS - våre tilsette. Utanom arbeidstid ber meom du vel epost.
Korleis gjev skulen løpande informasjon?
Heimesida er det beste stedet for å halde seg oppdatert. Det er lurt å abonnera på nytt. Viktig informasjon vert sendt som sms eller epost.
Kva gjer me viss vårt barn ikkje kan møta til ein time?
Gje beskjed så tidleg som mogleg til lærar pr epost eller sms.
Kva gjer skulen ved lærarfråvær?
Vi gjer vårt beste for å skaffa vikarar, men i dei tilfella dette viser seg umogleg sender me ein sms til det mobilnummeret de har bedt om at vert benytta.
Fant du ikke svar på det du lurte på?
Send ein epost til kulturskulen@time.kommune.no så vil me prøva å hjelpa deg.