Jæren sparebank deler årleg ut stipend for å motivera, skapa engasjement, inspirera og gje påskjønning til ungdom som er i kunstfaglig opplæring.
Søkjar må vera/ha vore elev i Time kulturskule og/eller medlem i eit av kommunen sine skulekorps.
Søknadsfrist er 15. desember kvart år. Søkjarane skal nytte eige skjema.
Det vert
delt ut 3 stipend a kr 10.000,-. Utdelinga skjer på eit større arrangement i den årlege kulturskuleveka i vårsemesteret.
Alle registrerte søkjarar vert kalt inn til audition/framsyning/intervjusamtale.
Tildeling skjer etter juryvurdering.
Plangruppa i Kulturskulen er fast jury. Juryen følgjer søknadskriterier i vurdering og tildelingsprosess.
Stipendet består av ein sjekk for utbetaling av stipend, eit diplom og eit
kunstverk utarbeidd av den lokale kunstnaren Stine Rommetveit.
Stipendet kan tildelast berre ein gong pr. søkjar.
Stipendet er for ungdom i alderen frå og med 8.trinn på ungdomskule til og med
siste år på vidaregåande skule.
Kriterie for tildeling:
Søkjar skal vera
aktiv innan kunstfagleg opplæring og ha bustad-adresse i Time kommune.
Dersom kommunestrukturen endrar seg i framtida, må ein ta opp tildelingsreglane
på nytt.
Søkjar må kunne dokumentera at ho/han får undervisning i ein eller fleire av
følgjande estetiske fagretningar; Musikk, Dans, Drama, Kunstfag, Skapande
skriving.
Medlemskap i eit av kommunen sine skulekorps inngår som del av fagretninga
Musikk.
Dette skal spesifiserast i søknaden.
Søkjar må ha ei positiv innstilling til å opptre/visa fram og dele med andre
det ho/han har lært og kan meistre innan sitt fag.
Søkjar skal grunngje kvifor ho/han søkjer stipendet og ha tankar om kva det
skal nyttast til. Dette skal spesifiserast i søknaden.
Det er ønskjeleg med referanse frå eks. lærar
eller dirigent.
Tildeling:
Plangruppa i kulturskulen fungerer som tverrfagleg samansett fagjury for
tildeling av stipend.
Søkjar må oppfylle kriterier/krav som er nedfelt.
Innsats, interesse og fagleg utøving er element som vert vurdert ved tildeling.
Det er ønskjeleg med referansar.
Grunngjevinga for å søkje stipendet og korleis det skal nyttast vert teke med i
vurderinga.
Utdeling av stipendet skjer i samband med eit av kulturskulen sine arrangement.
Oppgåver for den som får tildelt stipend:
Den som får tildelt stipend skal kunne stille med eit scenisk innslag på
tildelingsarrangementet.
Stipendvinnar skal etter førespurnad frå Jæren sparebank kunne stille på sceneinnslag på oppdrag/arrangement i regi av bedrifta.
Søknadskjema:
Søkjar nyttar vedlagd søknadskjema.
Søknaden sendast innan gitt frist på mail til: Guri.arsvoll@time.kommune.no
Eller via post til:
Time kulturskule, Time kommune,
postboks 38,
4349 Bryne.
Avtalen er revidert for 3 nye år og gjeld for 2021, 2022, 2023.
Jæren
Sparebank og Time kulturskule