Time kulturskule kan tilby undervisning på desse instrumenta:
Ein kan bare få undervisning på eit instrument om gongen viss vi har lange ventelister, unnatak kan gjerast. Men ein kan ha elevplass på fleire fagområder samtidig.
Frå 1. trinn: Fiolin
Frå 3. trinn: Piano, fløyte, klarinett, saksofon, trekkspel, messinginstrument(kornett, trompet...).
Frå 3. trinn: Gitar, el. gitar, el.bass og slagverk.
Frå 6. trinn: Solosong. Ved ledig kapasitet kan vi gå lenger ned mht aldersgrense.
Frå ca.7- 8. trinn: Band. Må ha spelt ei tid på instrument!
Elevar som har instumentalopplæring får tilbod om å vera med i samspelgrupper, band og orkester.
ØVING: Å vera elev ved kulturskulen krev god innsats heime mellom undervisningstimane.
I tillegg til undervisning på eit instrument er det mogleg å vera med i ulike grupper som dans, drama, korgruppe, kunstfag og musikkverkstad.
Det også mogleg å få songundervisning i tillegg til undervisning på eit instrument.
Kulturskulen kan tilby utleige av desse instrumenta: Fiolin, fløyte, trekkspel og klarinett. Det kostar kr. 350,- pr. semester.
Elevar på piano må ha piano eller el.piano heime.
Elevane må kjøpe undervisningsbøker.Kopiar er gratis.