Meny
Velg Gruppe/Instrument Framside
Besøksadresse: Ola Barkveds vei 16 4340 Bryne Telefon: 51 77 64 10 / 473 01 209 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Telefon: 51776410 Send e-post til oss
Redaktør: Guri Årsvoll
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2021><<
mars 2021
mtotfls
22232425262728
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Om klarinettundervisninga

Time kulturskule tilbyr instrumentalopplæring på klarinett for barn og unge frå 3. klasse. Anbefalt alder for starte å spele klarinett kan variera noko ut frå barnet sin fysikk. I tillegg til blåseteknikk lærar ein å nytte alle fingrane finmotorisk for å trylle fram flotte songar og melodiar. Ein kan spele all slags musikk på dette instrumentet, både aleine og i lag med andre.

Klarinetten er eit treblåsinstrument og høyrer til treblåsfamilien. Det er eit instrument med lange tradisjonar innan mange ulike musikkstilar. Klarinetten er eit særs vakkert klingande sosloinstrument, men egner seg også veldig godt til gruppesamspel. Instrumentet nyttast i både symfoniorkestre, storband, små ensembler og musikkkorps. Klarinetten er like godt eigna til å spele tradisjonell klassiske musikkverk som ulike formar for pop, jazz og moderne musikk. Den kjende komponisten Wolfgang Amadeus Mozart som var ein av dei første komponistane som starta med å skrive musikk spesielt tilegna dette instrumentet. Mozart var veldig glad i klarinetten og laga mellom anna ein eigen klarinettkonsert som i dag er kjend som noko av det vakraste innan klassiske musikkstykkjer.

Undervisninga ved Time kulturskule har som hovudmål å skapa tilrettelagt kvalitativ god undervisning som passar den einskilde elev. Samstundes vektlegg ein det å spele i lag med andre. Klarinettelevane har eit tett og trygt miljø seg i mellom og vert kjende med nye fjes frå andre skulekrinsar enn den dei sjølv høyrer til. Oppleving og speleglede samt det å spele saman med andre verdsettast høgt i læringsprosessane.Det er høve til å leige instrument av kulturskulen. Elevane må sjølv kjøpe notebøker og noko utstyr som trengs til spelinga.