Opplæing på saksofon er eit av dei tilgjengelege tilboda ved Time kulturskule. På grunn av at saksofonen krev ein viss fysikk hos den som skal spele på instrumentet, er det ønskeleg at elevane minimum har nådd 4. trinn i grunnskulen.
Dersom ein ønskjer å starte spelinga tidlegare, kan ein leggje eit godt grunnlag ved å ta den første opplæringa på klarinett - for så å gå over til saksofon seinare.
Desse to instrumenta er i mange prinsipp like når det gjeld blåseteknikk og bruk av fingerteknikk. Både klarinetten og saksofonen høyrer til treblåsinstrumentfamilien, men saksofonen er laga i metall og har ein litt skarpare og kraftigare tone enn klarinetten. Saksofonen er kjend for sin varme, flotte og karakteristiske klang. Ein får lyd ved å blåse luft gjennom instrumentet og fingerteknikken skapar flotte melodiar. Etterkvart som ein beherskar ulike melodiar og songar, er det høve til å prøve seg som solist saman med band og andre instrumentgrupper.
Undervisninga på saksofon har mål om tilpassa kvalitativ god opplæring for den einskilde elev samstundes som ein legg opp til samspel i lag med andre musikantar. Elevane har eit tett og godt miljø seg i mellom og vert kjende med kvarandre på ein litt annan måte når dei får spele i lag.
Saksofonen er eit forhaldsvis nytt instrument (frå 1900-talet) og vert mest nytta innan populærmusikk og jazz. Instrumentet passar likevel godt til klassisk utøving og klinger godt både aleine og i lag med andre. Saksofonen høyrer med til den faste besetninga i janitsjarkorps og storband.Kulturskulen har nokre få instrument til utleige. Elevane må sjølv betale for noter og noko utstyr som trengs til spelinga.