Her finn du litt om fløyta og om undervisninga i faget
OM UNDERVISNINGA: I Time Kulturskule kan du byrje å spele tverrfløyte frå du går i 3.klasse. Elevane har undervisning individuelt eller i gruppar på to eller tre dersom det er høve til det. Nokre gongar har vi og fløytekor, det vil seie at vi speler mange fløyter ilag.
LITT OM TVERRFLØYTA: Eit av dei aller eldste instrumenta som er funnet er ei fløyte laga av mammutbein Denne vart funnet i ei hole i fjellet i Alpene og er omlag 30 000 år gammal. Sidan den gong har det vorte fleire og fleire ulike fløytar, du kjennar sikkert til både blokkfløyte og panfløyte. Det spesielle med tverrfløyta er at den blir haldt på tvers. Du lagar lyd ved å blåse luft i eit hol i enden på fløyta og lagar ulike tonar ved å trykke ned ulike klaffar. No til dags vert dei fleste fløytar laga av metall (som gull eller sølv) eller nikkellegering, men for nokre hundre år sidan vart den laga av tre. Difor høyrer fløyta til treblåsar familien, som du finn både i orkester og janitsjarkorps.