Meny
Velg Gruppe/Instrument Framside
Artikkel
Besøksadresse: Ola Barkveds vei 16 4340 Bryne Telefon: 51776410 / 48293505 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Telefon: 51776410 Send e-post til oss
Redaktør: Astrid Fjeld
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2019><<
april 2019
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
apr
26
2019
Elevar opptrer på Bryne hotell, samling for vestlandet, interesseforening for psoriasis forbund
kl 17:30-18:00
apr
26
2019
Handels Messias i Bryne kyrkje, sangelevar frå Time, Klepp og Hå, i lokale kor og Jæren symfoniorkester
kl 19:00-20:45
apr
27
2019
Open dagi kulturskulen- kom og prøve eit instrument. Adr: Ola Barkvedsvei 16, Bryne. Inngang D- frå skulegarden.
kl 12:00-14:00
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Kulturskulestipend for ungdom

Jæren sparebank deler årleg ut stipend for å motivera, skapa engasjement, inspirera og gje påskjønning til ungdom i Time kommune.
Søknadsfrist er 20.desember. 

Alle som søkjer får mulighet å møte juryen fredag 11. januar frå ca.kl.15.00. Ungdomane kan få syne fram sitt kunstnariske arbeid/utøving. Send søknadsskjema til kulturskulen@time.kommune.no Stipendet vert delt ut årleg.

Søknadsskjema finn du som eige vedlegg i høgre kolonne.

Våren 2019 - søknadsfrist 20.des. Frivillig audition 11. januar 2019, utdeling  tirsdag 19. februar 2019

Det vert delt ut 3 stipend a kr 10.000,- kvar gong.

Stipendet består av ein sjekk for utbetaling av stipend, eit diplom og eit kunstverk utarbeidd av den lokale kunstnaren Stine Rommetveit.
Stipendet kan tildelast berre ein gong pr. søkjar.
Stipendet er for ungdom i alderen frå og med 8.trinn på ungdomskule til og med siste år på vidaregåande skule.

Kriterier for tildeling:

Søkjar skal vera aktiv innan kunstfagleg opplæring og ha bustad-adresse i Time kommune. Dersom kommunestrukturen endrar seg i framtida, må ein ta opp tildelingsreglane på nytt.
Søkjar må kunne dokumentera at ho/han får undervisning i ein eller fleire av følgjande estetiske fagretningar; Musikk, Dans, Drama, Kunstfag, Skapande skriving.
Medlemskap i eit av kommunen sine skulekorps inngår som del av fagretninga Musikk. Dette skal spesifiserast i søknaden.
Søkjar må ha ei positiv innstilling til å opptre/visa fram og dele med andre det ho/han har lært og kan meistre innan sitt fag.
Søkjar skal grunngje kvifor ho/han søkjer stipendet og ha tankar om kva det skal nyttast til. Dette skal spesifiserast i søknaden.
Alle søkjarar blir kalla inn til "audition" - framføring/framsyning av kunstnarisk arbeid/utøving.
Det er ønskjeleg med referanse frå eks. lærar eller dirigent.

Tildeling:

Plangruppa i kulturskulen fungerer som tverrfagleg samansett fagjury for tildeling av stipend.
Søkjar må oppfylle kriterier/krav som er nedfelt.
Innsats, interesse og fagleg utøving er element som vert vurdert ved tildeling.
Det er ønskjeleg med referansar.
Grunngjevinga for å søkje stipendet og korleis det skal nyttast vert teke med i vurderinga.
Utdeling av stipendet skjer i samband med eit av kulturskulen sine arrangement.   

Oppgåver for den som får tildelt stipend:

Den som får tildelt stipend skal kunne stille med eit scenisk innslag på tildelingsarrangementet.
Stipendvinnar skal på oppdrag frå Jæren sparebank kunne stille med sceneinnslag på arrangement i regi av bedrifta.  

Søknadskjema:

Søkjar nytter vedlagt søknadskjema. (sjå vedlegg øverst i høyre kolonne)
Søknaden sendast innan gitt frist på mail til: kulturskulen@time.kommune.no
Eller via post til:
Time kulturskule, Time kommune,
postboks 38,
4349 Bryne.  

Søknadskriterier er oppdatert:
Bryne,desember 2017

Jæren Sparebank og Time kulturskule