Meny
Velg Gruppe/Instrument Framside
Besøksadresse: Ola Barkveds vei 16 4340 Bryne Telefon: 51776410 / 48293505 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Telefon: 51776410 Send e-post til oss
Redaktør: Astrid Fjeld
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2019><<
september 2019
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30010203040506
sep
16
2019
Kick-off 10.trinn i aula
kl 19:30-21:00
sep
26
2019
Spilleoppdrag på Høghuset, sanitetsforreningar i Time
kl 19:00-19:30
sep
27
2019
Eventyrsti, elev er med i Sandveparken på Sandnes
kl 18:00-20:00
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Selma Fisketjøn Christensen vant Drømmestipend.

Vi er veldig glad for å kunne fortelje at Time kommune har fått ein vinnar av Drømmestipendet 2019. Selma Fisketjøn Christensen (15) blei vinnar i kategorien «Teater».  Blant nesten 500 nominasjoner ble det valgt ut 100, og Selma blei altså ein av desse. I kulturskulen er vi sjølvsagt veldig stolte av det.

Det er Norsk Kulturskuleråd i samarbeid med Norsk Tipping som kvart år deler ut Drømmestipendet. Det deles ut til unge lovande kunstnarar og artistar som både viser dyktighet i kunstfaget sitt, samt har ein draum om å utøve det i framtida. Kommunen ved kulturskulen nominerer, og kandidatene må sjølv skriva ein utfyllande tekst om kven dei er, kva dei driv med, og kva dei drøymer om. I tillegg må dei skaffe nødvendig video/lyd/bilde-dokumentasjon som viser dei i aksjon. 

Selma er elev ved Time kulturskule, og har vore det lenge. Ho både syng og spelar teater. Ho har tross sin unge alder vore med på fleire oppsetningar, og hadde like før påske hovedrollen i kulturskulens egen forestilling «Det var ein gong- som i eit eventyr». Forestillinga er ein av hovedsatsingane våre, og blei laga av elevane på 10 trinn i kulturskulen. Heile 6 forestillinger vart satt opp i Storstova på Bryne. Ho har også hatt fleire roller i ulike teaterstykker med teatergruppa Fantefølge.

Vi gratulerer Selma som vinnar av Drømmestipendet. Utdeling føregår på rådhuset på dagtid i juni med inviterte gjester!