Takk til alle elevar og publikum som deltok på kulturskulen sine juleavslutningsarrangemnet dei to siste vekene før juleferiren. Vi vil også takke alle lærarane som på ein positiv og god måte klarte å lage små fellesarenaer for elevar og føresette i den spesielle Koronasituasjonen vi framleis lever i.
Vi i kulturskulen vil nytte høve til å ønskje alle ein fortsatt god romjul og ein fin nyttårshelg. Velkommen tilbake til undervisning på ordinære tider frå og med Måndag 4.januar.
Velkommen inn i 2021!
Kulturskulen følgjer kontinuerleg med på smitteutviklinga for Time kommune og vi forheld oss til ein kvar tid til kommuneoverlegen og kommunalleiinga sine føringar jmf. Koronasituasjonen.
Pr. i dag er det planlagd å starte opp undervisninga som normalt etter juleferiren - med naudsynte gjeldande smitteverntiltak. Vi ber alle om å minne sine barn og ungdomar på å vera nøye med å halde dei tiltaka lærarane til ein kvar tid ber om.
Føresette vil snarleg verta informert dersom det kjem eventuelle endringar i kulturskulekvardagen.