Meny
Velg Gruppe/Instrument Framside
Besøksadresse: Ola Barkveds vei 16 4340 Bryne Telefon: 51 77 64 10 / 473 01 209 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Telefon: 51776410 Send e-post til oss
Redaktør: Guri Årsvoll
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2021><<
januar 2021
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Godt nytt år og velkommen tilbake til undervisning

Kulturskulen håper at alle har hatt ein fin juleferie og at de no er klare for å starte opp med kulturskuleundervisning igjen.
Vi følgjer normal timeplan frå og med måndag 4. januar for alle våre undervisningstilbod, men gjer samstundes merksam på at det kan kome endringar jmf. utviklinga kring Koronasituasjonen. Vi følgjer til ein kvar tid bestemmingane som gjeld for Time kommune. 

Som de nok allereie kjenner til, har det vore ei auke i Koronasmitte både på Jæren og i Time kommune den siste tida. 

Det er likevel definert at kulturskulen sin aktivitet pr i dag er på GULT nivå (tilsvarande det vi har vore gjennom heile hausten 2020)

Alle undervisningstilbod skal som nemd gå som normalt. Det er likevel naudsynt å presisere at vi skal vera ekstra strenge og påpasselege med å halde naudsynte og pålagde smitteverntiltak. 

Vi ber om at føresette minner sine barn og ungdom om å vera ekstra påpasselege med å halde smittevernreglane og tiltaka som kulturskulelærarane til ein kvar tid ber om.

Dette er viktig for at vi skal kunne halde i gang ein innhaldsrik og normal kvardag for barn og ungdom i vår kommune.
Det kan for mange av oss røyne på med både tolmot og uthaldenhet i denne langdryge Koronatida, men det er viktig at vi no yter ein ekstra innsats for å minske trykket på smitteutviklinga i regionen vår. 

Gjeldande reglar for Time kulturskule: 

1) Halde deg heime dersom sjukdomsteikn/Korna-symtom (hugs å melde fråver til lærar/administrasjon)

2) Vaske hender nøye med såpe og vatn/tilgjengeleg handsprit før og etter undervisningstime 

3) Halde avstand før/etter og inne på sjølve undervisningstimen (gjeld elevar seg i mellom og elev/lærar)

4) Ikkje opphalde seg i gangane før/etter undervinsingstime

5) Alle gruppefag vert henta utanfor ytterdøa, merk å ikkje skape trengsel i inngangsparti/trappeoppgang

6) Bruke munnbind dersom ein reisar kollektivt til og frå kulturskuleundervisninga

7) Begrens nærkontaktar du vanlegvis ikkje er i lag med i kvardagen

8) Ha det gildt og vise omsyn til kvarandre 

9) Lytt til lærarane sine smittevern-instruksar til ein kvar tid - følg desse nøye!