All kulturskuleundervisning og skulekorpsaktivitet skjer digitalt dei 2 komande veker
Oppdatert informasjon frå Time kommune si pandemigruppe/kommunalleiar for oppvekst
måndag 4. januar kl.13.30:
All undervisning og instruksjonstimar for skulekorpsa i Time kulturskule skal skje digitalt i perioden frå og med i dag 4. januar og fram til 18.januar.
Dette på grunn av innstraming i nasjonale smittevernreglar for Koronasituasjonen.
Alle elevar vert kontakta av sin faglærar md informasjon om korleis undervinsinga skal skje dei 2 komande vekene.
Vi ber brukarane ta kontakt med kulturskulen sin administrasjon dersom de har spørsmål:
51 77 64 10 / 473 01 209
Spørsmål knytta til fagundervisninga kan de eventuelt rette direkte til faglærar via mail/mobil.
Vi håper på forståing og tolmot i henhald til naudsynt innstraming i undervisningstilbodet desse 2 vekene.
Vi håper at vi er tilbake med normal kvardag frå og med mandag 18. januar.
Vi følgjer utvikling og oppdtaeringar kontinuerleg og vil informere alle om eventuelle endringar frå og med 18. januar.
Nokre av våre elevar vil ha utfordring med å rekke heim frå skulen/opphalder seg på Sfo i tida for sin ordinære kulturskuletime. Her må de vera i dialog med lærar om alternativ avtale desse 2 vekene.
Vi takker våre lærarar for positivt pågangsmot og godvilje for å nå ut til alle sine elevar med faglege oppgåver:)
Meld frå dersom de har utfordringar med digital kontakt/dialog.