Elevar på 9. og 10. trinn i ungdomskulen som er pålagd isolasjon og heimeundervinsing ved sin skule skal IKKJE møte på kulturskuleundervinsing.
Gjeld onsdag ettermiddag, torsdag og fredag denne veka.
Fellesøvinga for 10.trinnelevar på ungdomsmusikal komande fredag 19/3 er AVLYST!
De får oppdatert info om prosjektet før helga.
Vi følgjer kommuneoverlegen og kommunalleiinga sine føringar jmf. case med mutert virus på Klepp ungdomskule og ungdomsfest i Sandtangen.
De vil få melding dersom dette vedvarer ut i neste veke. Alle elevar og føresette som er involvert i denne saken er godt informert via sine ungdomskular.
Dersom de ikkje høyrer noko, er de velkommen tilbake frå og med mandag.