Meny
Velg Gruppe/Instrument Framside
Artikkel
Besøksadresse: Ola Barkveds vei 16 4340 Bryne Telefon: 51 77 64 10 / 473 01 209 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Telefon: 51776410 Send e-post til oss
Redaktør: Guri Årsvoll
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2021><<
april 2021
mtotfls
29303101020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829300102
03040506070809
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Ungdomsmusikal 2021

Kulturskulen står midt i innspurten til framsyningar av ein rykande fersk produksjon med årets ungdomsmusikal. Førestillinga er laga av - og vert framført med kuklturskulen sine 10.trinnelevar. I lag med sine lærarar har dei arbeidd med skriving av manus, innøving av songar, musikk, teaterreplikkar og dansesteg gjennom heile vinteren. No er alle veldig spente på om vi kan få gjennomføre dei planlagde opptredenane i Storstova kulturshus i veka før påskeferien.  

Vi følgjer smittesituasjonen kring ungdomsmiljøet på Jæren gjennom helga og tek ei endeleg avgjere komande måndag jmf. om produksjonen skal gjennomførast før påske eller om framsyningane eventuelt vert utsett til mai månad.  

«Alt var sikkert betre før»  
    
Kulturskulen har gleda av å invitera til førestilling. Vi har alle levd i ei annleis og utfordrande tid det siste året, men ungdomane i kulturskulen har likevel arbeidd målretta med å skape ei heilt ny musikalførestilling med rykande ferskt manus for 2021.
På grunn av Koronasituasjonen følgjer vi gjeldande smittevern-restriksjonar. Det vert ein litt ekslusiv framføring med begrensa publikumsplasser i salen og Kohortar på scenen.

Velkommen – vi gler oss!

Skuleframsyningar på dagtid 25. og 26.mars. Kveldsførestillingar 25.mars kl. 17.00 og 19.00
Billettar kjøpast via Storstova sitt billettsystem på www.storstova.no   
Vaksne kr 100,-   Barn kr 50,-        

I kulturskulen sin ungdoms-førestilling møter de dette året tre ungdomar frå Bryne. Dei er alle lei av å leva med korona-restriksjonar og lurer på om det snart er tid for at ting endeleg skal bli normalt igjen.
Dei begynner å fantasera om at det sikkert var lettare å vera ungdom før, for eksempel for 20 år sidan........Men var det eigentleg betre før? Korleis var det å vera 16 år for tjue år sidan? Var det veldig annleis å vera ung på 80-talet? – og kva med 60 talet? Korleis hadde ungdomar det på Bryne då? Korleis var eit liv utan nettbrett og mobiltelefonar?
Hadde dei som er ungdomar i dagens samfunn klart å tilpassa seg slik det var for tjue, førti eller seksti år sidan?
Bli med oss på ei spennande musikalsk reise gjennom tiåra. Kanskje du oppdagar noko heilt nytt?

PS: Dersom du er vaksen og tilhøyrer foreldre/ besteforeldre- generasjonen, kan det rett og slett tenkjast at du kan koma til å kjenne deg att.                    


Time kulturskule 50 år   1971-2021