Administrasjon og lærarar ønskjer alle kulturskule-elevar velkommen tilbake etter påskeferie.
Ordinær undervisning startar opp igjen frå og med onsdag 7.april.
Vi er framleis definert på GULT nivå i trafikklysmodellen for smittevern og minner derfor om at elevane.......
- ikkje skal møte på kulturskulen dersom de har sjukdomsteikn eller venter på svar frå Koronatest
- skal halde avstand (sjølv om det er unntak frå 2-metersregelen i undervisnings-samanheng)
- skal ha god handhygiene med hyppig vask/spriting (minimum på veg inn/ut av undervisningstimen)
- ikkje skal opphalde seg unødig i gangane, men halde avstand og syne omsyn til andre når dei kjem til/går frå timen.
- skal følgje læraren sine medlingar om korleis dei skal overhalde smittevernet
Når det gjeld gjennomføring av planlagde arrangement og aktivitetar for våren 2021, avventar vi ny oppdatering og melding om nasjonale og lokale smittevernføringar som er meldt skal kome onsdag den 14.april.
Når vi veit litt meir om eventuelle justeringar i dei siste føringane gitt tysdg før påske, vil alle elevar som er involverte i oppdrag og aktivitetar få tydeleg melding om korleis det vert vidare utover våren.