Meny
Velg Gruppe/Instrument Framside
Besøksadresse: Ola Barkveds vei 16 4340 Bryne Telefon: 51 77 64 10 / 473 01 209 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Telefon: 51776410 Send e-post til oss
Redaktør: Guri Årsvoll
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2021><<
mai 2021
mtotfls
26272829300102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Koronasituasjonen & info til elevar i karantene

Time kulturskule (og alle dei andre skulane i Time kommune) er pr i dag framleis på GULT nivå i undervisnings-samanheng.
Kulturskulen held fram med ordinær fysisk oppmøte-undervisning for alle elevar/fagtilbod. Det same gjeld for skulekorpsa. 

Kulturskule-elevar som er i karantene pga smitte, eller er nærkontakt til smitta, skal sjølvsagt ikkje møte på kulturskulen.
Dersom du er i karantene ber vi deg om å ta direkte kontakt med din kulturskulelærar og informere om dette. Våre lærarar vil tilby deg alternativt opplegg/oppgåve (gjeld for gruppefagselevar) eller digital undervisning via Teams/Facetime (gjeld vokal/intrumentalelevar) i karantenetida. MERK! Elevar/føresette må sjølv melde i frå til lærar for å få dette tilbodet. Vi ønskjer alle hjarteleg velkommen tilbake til fysisk undervisning når dei er ute av karantene. 

Vi minner om våre smittevernreglar der elevane: 
- Ikkje møter på undervisning dersom sjukdomsteikn eller avvente av svar på Koronatest
- Ikkje møter dersom de er i ventekarantene/karantene (kan kontakte lærar og få tilbod om digital undervisning)
- Held avstand (vi har unntak frå 2-metersregel, men tilstreber likevel avstand)
- Har god handhygiene (handvask/spriting inn og ut av time)
- Ikkje oppheld seg unødig i gangane i vente på time, viser omsyn inn/ut av time
- Følgjer lærarane sine instruksar om smittevern på undervisningstimane
- Har det kjekt på kulturskuletimen :) 

Alle elevar/føresette skal ha mottatt eigen mail om dette i dag, måndag 12.4.2021. 

Mange har sikkert følgt med på nyheter/mediedekning av smittesituasjonen i Time og på Jæren den siste tida.

Vi vil informere om at smittesporinga i Time kommune er god og profesjonell med rask avdekking og nedlukking av tilfeller/miljø og dei tek snarleg kontakt med dei som eventuelt er involvert som nærkontaktar.

Kulturskulen vert også kontakta dersom det vert registrert nærkontaktar eller smittetilfelle knytta til elevar/skulekorpsmedlem/lærarar. 

Grunna den usikre smittesituasjonen vi har pr. i dag er det inga aktvitet utover ordinær undervisning i eigne lokale/Time kommune sine skulebygningar.

Vi vil gjenoppta aktivitet med arrangement/konsertar/opptredenar/prosjekt når smittesituasjonen endrar seg i positiv retning igjen.