Den opprinnelege førjulsførestillinga med kulturskulen sine danseelevar i Storstova vart fyrst utsett til 15.2 og er no flytta til 22.mars 2022. Dette på grunn av utviklinga med stadig høgt smittetal. Vi ser fram til «live» dans på scenen og publikum i salen!
Kjøpte billettar er automatisk flytta over til ny dato. Dersom du ikkje ønskjer å nytte deg av billettane på ny framsyning, kan du henvendelse deg direkte til Storstova for tilbakebetaling.
Kulturskulen følgjer med på utviklinga jmf. smittesituasjon og gjeldande restriksjonar i tida fram mot my planlagd framsyningsdag den 22.mars 2022.
Vi håper no å kunne gjennomføre framsyningane. Danseelevene arbeider no med ny teknikklæring og koreografi til sommarførestillinga samstundes som dei held vedlike koreografien frå desember som de skal få oppleva 22.mars.