Det er gledeleg å sjå elevar og lærarar innan alle våre 5 fagområda som no er i aktivitet med fast undervisning, prosjektførebuing og ulike opptredenar
Vårt slagord er:
«Time kulturskule - levande kunst- og kulturopplæring»
Kulturskulen er eit offentleg lovforankra skuleslag der kommunen er skuleeigar. Vi skal vere ein lokalt tilgjengeleg skule for alle - der mangfald og inkludering står i fokus. Tilbodet vårt gir barn og ungdom moglegheit til å Lære - Oppleve og å Utøve i eit levande kunstfagleg miljø.
Lærarane våre har spesiell kompetanse og utdanning innan ulike kunstnariske felt. Dette, i tillegg til entusiasme og gleda over å arbeide kreativt og skapande i lag med barn og unge, ligg til grunn for kvalitetsmessig undervisning i møte med våre elevar.