Gjeld alle elevar på vokal/instrumentalopplæring
Skjer i perioden veke 3 til 8 (skal vera ferdig til vinterferien)
Innkalling og timeplan vert sendt ut direkte frå din faglærar
Meld snarleg tilbake til lærar dersom tildelt tid ikkje passar, eller dersom du ikkje kan møte
Både elev og ein av foreldra/føresett møter på samtalene med sin faglærar.
Desse samtalene er ein viktig del av dialog og samhandling mellom kulturskule og heim. Målet er å sikre trivsel og nærleik til kulturskulen, formidle gjensidige forventningar knytt til undervisninga, og å legge til rette for god utvikling og læring hos den enkelte elev innan musikkopplæringa. Individuell årsplan og eigen stikkordsmal ligg til grunn for samtalen.