Meny
Velg Gruppe/Instrument Framside
Artikkel
Vedlegg til artikkel
Fredagsskulen
Besøksadresse: Ola Barkveds vei 16 4340 Bryne Telefon: 51776410 / 48293505 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Telefon: 51776410 Send e-post til oss
Redaktør: Astrid Fjeld
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2019><<
juli 2019
mtotfls
24252627282930
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Talentutviklingsprogrammet "Fredagskulen"

Time kulturskule vidarefører og utvider talentutviklingstilbodet "Fredagskulen".
Ekstra tilbod til elevar frå 7. trinn på musikk, dans, drama og kunstfag.
Førutsetning om særleg læringsmessig interesse og ønskje om fordjuping. Begrensa oppptak.
Søknad om plass for skuleåret 2016-2017 skjer i dialog med faglærar på eige skjema. (Sjå vedlegg) Søknadsfridt 15. september 2016. 

 

Eit tilbod til elevar frå og med 7. trinn som ønskjer vidareutvikling og fordjuping innan fagområda musikk, dans, drama og kunstfag. Talentutviklingsprogrammet har opptak av elevar med særleg interesse og føresetnad for faget. Tilbodet er gratis dersom du har elevplass i Time kulturskule. Tilbodet er i samarbeid med kulturskulane i Hå og Klepp kommune. Det er begrensa opptak og obligatorisk oppmøte på dei avsette samlingane. Du må vera i dialog med faglærar og føresette om påmelding. Målet med "Fredagskulen" er at du skal verta insprirert til vidareutvikling og fordjupingsarbeid. Her møter du andre ungdomar som vil lære meir innan sitt kunstnariske fagområde. Du får undervisning av godt kvalifiserte lærarar.

Innhald: Undervisning og rettleiing er tilpassa den enkelte elev og organisert individuelt og i grupper. Det stillast krav til god og målretta eigeninnsats samt oppmøte. Her skal du mellom anna fordjupe deg innan teknikk, teori, ulike stilartar, musisering, formidling og utøving.

6 samlingar skuleåret 2016-2017.
Stad: Time kulturskule, Bryne
Klokka: 15.00-18.00:
Fredag 21. oktober, 25.november, 2. desember, 6. januar, 20.januar, 10.februar.
Felles avslutningsarrangement: Måndag 13.februar kl. 19.30.