Meny
Velg Gruppe/Instrument 10.trinn prosjekt
Besøksadresse: Ola Barkveds vei 16 4340 Bryne Telefon: 51 77 64 10 / 473 01 209 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 Bryne Telefon: 51776410 Send e-post til oss
Redaktør: Guri Årsvoll
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2021><<
juni 2021
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Vi er glade for å kunne ønskje elevane våre velkommen tilbake til undervisning med fysisk oppmøte frå og med onsdag 20.januar.

Dette gjeld også for dei 4 skulekorpsa som har øvingar/får opplæring av våre tilsette.

NB! Unntak er KUNSTFAG som fortsatt skal ha digital undervisning i lag med sin faglærar.
Dette gjeld ut januar månad. 

Fredagskule nr 5 og 6 (22, og 29. januar) er utsett/avlyst. 
10.trinnøvingar i smågrupper går etter oppsett plan. 

 


Digital løysing for all undervisning gjeld til og med tysdag 19.januar.
Lærarane kontaktar sine måndags- og tysdagselevar på same måte som dei gjorde i veke 1 og 2.

Ny informasjon som gjeld for undervisning frå og med onsdag 20.januar kjem så snart me får oppdaterimg frå kommuneoverlege/kommunalleiing/pandemigruppe i Time kommune. 

Dei ventar på regjeringa si oppdatering av gjeldande restriksjonar som er rekna å verta offentleg seinast 19. januar. 

Oppdatering publisertast seinast i løpet av tysdag 19. januar. 

 


Fredagskule nr 4 - fredag 8. januar - avlyst, vi satser på å kunne gjennomføre Fredagskule nr 5 og nr 6 som planlagd 22. og 29.januar.  

Felles elevkveld 10.trinnprosjekt måndag 11.januar - utsett til måndg 25. januar.

Kulturskulestipend 2021 - Audition/framsyning og intervjusamtale fredag 15.januar - utsett til fredag 12. februar. 


Oppdatert informasjon frå Time kommune si pandemigruppe/kommunalleiar for oppvekst
måndag 4. januar kl.13.30:

All undervisning og instruksjonstimar for skulekorpsa i Time kulturskule skal skje digitalt i perioden frå og med i dag 4. januar og fram til 18.januar.

Dette på grunn av innstraming i nasjonale smittevernreglar for Koronasituasjonen. 

Alle elevar vert kontakta av sin faglærar md informasjon om korleis undervinsinga skal skje dei 2 komande vekene. 

Vi ber brukarane ta kontakt med kulturskulen sin administrasjon dersom de har spørsmål:
51 77 64 10 / 473 01 209

Spørsmål knytta til fagundervisninga kan de eventuelt rette direkte til faglærar via mail/mobil. 


Etter oppdatrete nasjonale retningslinjer jmf. Koronasituasjonen formidla på pressekonferanse/nyheter i kveld, søndag 3. januar - avventer vi situasjonen for oppstart av undervisning i kulturskulen. Det er møte i lokal pandemigruppe i Time kommune i dag søndag kveld og i morgon tidlig måndag. Ny meldig om kulturskuleundervisning og skulekorpsaktivtet vert kunngjort så snart vi får melding frå kommunalsjef/kommuneoverlege. Oppdatering kjem! 

Kulturskulen håper at alle har hatt ein fin juleferie og at de no er klare for å starte opp med kulturskuleundervisning igjen.
Vi følgjer normal timeplan frå og med måndag 4. januar for alle våre undervisningstilbod, men gjer samstundes merksam på at det kan kome endringar jmf. utviklinga kring Koronasituasjonen. Vi følgjer til ein kvar tid bestemmingane som gjeld for Time kommune. 

Som de nok allereie kjenner til, har det vore ei auke i Koronasmitte både på Jæren og i Time kommune den siste tida. 

Det er likevel definert at kulturskulen sin aktivitet pr i dag er på GULT nivå (tilsvarande det vi har vore gjennom heile hausten 2020)

Alle undervisningstilbod skal som nemd gå som normalt. Det er likevel naudsynt å presisere at vi skal vera ekstra strenge og påpasselege med å halde naudsynte og pålagde smitteverntiltak. 


Takk til alle elevar og publikum som deltok på kulturskulen sine juleavslutningsarrangemnet dei to siste vekene før juleferiren. Vi vil også takke alle lærarane som på ein positiv og god måte klarte å lage små fellesarenaer for elevar og føresette i den spesielle Koronasituasjonen vi framleis lever i. 

Vi i kulturskulen vil nytte høve til å ønskje alle ein fortsatt god romjul og ein fin nyttårshelg. Velkommen tilbake til undervisning på ordinære tider frå og med Måndag 4.januar. 


Alle fag i kulturskulen har juleavslutningsarrangement
i veke 50 og 51 (7.-18. desember)

Dei fleste lærarane har planlagd små miniarrangement med smitteverntiltak som gjer det mogleg å invitere føresette.
Nokre av fagtilboda har likevel grunna Koronasituasjonen tilstelningar som er berekna for elevane aleine.
De får tilsendt informasjon om dag/tid/stad for dei ulike arrangementa direkte frå faglærar. 

Plan for arrangement - trykk les mer: 


Mandag 14. september kl. 19.30-21.00. Store aula på kulturskulen/Bryne skule.