Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 51786800 Send e-post til oss
SFO Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 48886851 Send e-post til oss
Redaktør: Vibeke Sola
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Minnemarkering

I dag skulle vår kjære Siri blitt 50 år. Partnerskap mot mobbing markerte dagen og minnast Siri med familie, vener, elevråd, korps, kor og deltakarar frå alle lag og foreiningar. Koronarestriksjonane gjorde at me dessverre ikkje kunne invitera fleire, men alle elevane skal få sjå opptak frå markeringa.

Partnerskapet har planta eit tre som symbol på Siri, hennar verdiar og elevane på skulen. Treet skal bli fargerikt som Siri! Det skal få gode, solide røter og greiner. Greinene skal tåla ver og vind. Me skal vatna treet godt. I overført betydning skal elevane våre få veksa i ulike retningar. Dei skal oppleva læring, omsorg og vekst. Dei skal få solide røter for resten av livet og dei skal tola motgang. Det krev ei heil bygd for å oppdra eit barn. Saman skal me skapa gode medborgarar. Me skal hugsa verdiane og smilet til Siri. Det gjorde ein forskjell!

Tusen takk til korpset for nydeleg musikk. Takk til Siri Abrahamsen og elevrådet for gode ord. Takk til elevar frå 6. og 7. trinn som avslutta markeringa med songen «Bare så du vett det». Teksten fortel mykje av det me satte pris på med Siri. Takk til Hilde Johanne som gjer ein særs god jobb som leiar av Partnerskapet.

Ei av elevane sa det så riktig i dag: «Me trur Siri ville sagt; lev livet, smil, kos dykk og ha det ekstra kjekt»

.
Main Image

Bilete 1 av 19