Publisert: 24. juni 2025 | Sist endra: 04. juli 2025 | Forfatter: Vibeke Sola
God sommar
Kjære elevar, føresette og samarbeidspartnarar
Eit nytt skuleår er no avslutta og me vil takka for eit godt samarbeid gjennom året.
Ein særleg takk går til 7. trinn, som no avsluttar si tid på barneskulen. Takk for alle gode minner, for innsatsen de har lagt ned, og for alt de har bidrege med i skulemiljøet. Me ønskjer dykk alt godt vidare på ungdomsskulen!
Med ønskje om ein god og velfortent sommarferie til små og store – me gler oss til å sjå dykk att til hausten!
Oppstart på SFO: 4. august.
Oppstart på skulen: 14. august.
Vennleg helsing
Alle tilsette på Tu skule