Publisert: 03. september 2025 | Sist endra: 03. september 2025 | Forfatter: Lene Hauge Klepp
Ein våt tur
Onsdag gjekk 1. trinn på tur til Tinghaug. Sjølv om det var opphaldsvêr på vegen opp, byrja det å komme regn akkurat då me sette oss ned for å ete nista vår. Likevel gjorde det ingenting – det vart berre ekstra koseleg å sitje tett saman medan me høyrde regndropane tromme på jakker og matboksar.
På toppen fekk me sjå den fine utsikta. Nokre elevar peikte på kjende stader, og alle var einige om at Tinghaug var ein flott plass å vere. Og jammen hadde me vore gode som kom oss opp den lange, bratte bakken!
Den gamle bunkersen på toppen var eit spennande mål. Med ei lommelykt fekk me utforske det mørke rommet. Me såg fleire store edderkopper. Mange syntest det var litt skummelt, men mest gøy.
Etterpå fekk elevane tid til å leike. Nokre prøvde å klatre i tre, medan andre leita etter smådyr. Me fann både snigler som gleda seg over regnet, og ei lita marihøne som fekk sitje på fingeren før ho flaug av garde.
Det vart ein kjekk dag med opplevingar, læring og mykje glede ute i naturen.