Publisert: 30. september 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Ann Tjåland
Camp Klepp veke 41
Me har aktivitetar som surfekurs, fotball-skule, e-sport, open hall, sykurs, malekurs og ferieklubb.
Alle tilbod er gratis. Open hall krev ikkje påmelding.
Nytt for hausten:
Påmeldinga skjer i aktivitetsportalen Friskus: https://klepp.friskus.com/events
Oversikt over aktivitetar, datoar og påmelding finn de her: Camp Klepp.
Ein må opprette brukar for å kunne melde sitt born på aktivitet.
Viktig:
Påmelding opnar mondag 22.09.2025 kl 09:00.
Ein kan kun melde på bornet sitt til ein aktivitet - viktig sånn at flest mogleg born får eit tilbod.
Ein får automatisk bekrefting når bornet har fått plass på ein aktivitet
Snakk med bornet ditt om kva aktivitet dei ynskjer å delta på i forkant.
Ha klar alternativ, om fyrstevalet fort blir fyllt opp.
Me har dessverre ikkje moglegheit til å ordne med transport.
Me håpar at foreldre kan gå saman om å køyre til dei ulike aktivitetane ved behov.
Opplever de problem med Friskus, eller påmelding, kontakt Live Hodne 92643194, eller Amanda Sian Tremlett 90648970.